Rebekka går i tiande klasse og vil aldri smake på maten som dei lagar på skulekjøkkenet, men ho deltek aktivt i å lage maten. Elias kan ikkje hugse at han nokon gong har sett henne ete matpakke eller annan mat på skulen heller.
Denne oppgåva er delt inn i tre uavhengige delar som viser tre ulike vinklar på same sak. Vurder om utfallet blir det same. Diskuter resultatet i klassen din.
Del 1
- Tenk deg at du er Elias. Kva bør Elias gjere?
Del 2
Ei av jentene ber om å få prate med Elias. Ho trur at Rebekka har eteforstyrringar, og er bekymra. Ho vil ikkje at Elias skal fortelje nokon at ho har fortalt dette.
- Lag eit rollespel der de gjennomfører denne samtalen.
- Kva bør Elias gjere?
Del 3
Rebekka ber om å få prate med Elias. Ho fortel at ho har det vanskeleg heime, og at ho derfor ikkje har noka matlyst. Ho græt og fortel at ho er lei seg.
- Lag eit rollespel der de gjennomfører denne samtalen.
- Kva bør Elias gjere?
Tips
Ved alle oppgåvene er det viktig å hugse på
- teieplikta
- profesjonaliteten din
- kven som har ansvaret for kva
- samarbeid
CC BY-SASkrevet av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist faglig oppdatert 30.01.2019