Fagstoff

Appelsinpiken 2

Publisert: 28.08.2009 (18:10), Oppdatert: 17.06.2015 (08:43)

Appelsinpiken. Bokomslag. Appelsinpiken

Denne teksten skreiv Therese Hansen Federl da ho var elev på Vg1 på Thor Heyerdahl videregående skole i Larvik.

”Faren min døde for elleve år siden. Da var jeg bare fire år gammel. Jeg trodde ikke at jeg skulle høre noe mer fra ham, men nå skriver vi bok sammen.”

Dette er dei to første linjene i boka Appelsinpiken av Jostein Gaarder. Ho blei først utgitt i 2003 av Aschehoug Forlag og er på 175 sider. Gaarder  er blant anna kjend for Kabalmysteriet og I et Speil, i en Gåte og har blitt verdskjend for Sofies Verden, ei bok om filosofihistoria.

Appelsinpiken har eit godt og enkelt språk som er lett forståeleg og kan lesast og likast av alle frå 12 år og oppover. Boka fortel ei god historie og tek opp mange djupe spørsmål om det å leve og døy.

I Appelsinpiken møter vi 15 år gamle Georg som bur saman med mor si og kjærasten hennar i Oslo. Ein dag finn farmora til Georg eit brev i den gamle barnevogna hans. Brevet er adressert til Georg frå faren. Georg har ikkje nokon minne om faren, Jan Olav, unnteke nokre bilete og eit par videoopptak, så han er svært nysgjerrig på kva som står i brevet. Han låser seg inne på rommet sitt for å lese det.

Gjennom dette brevet får Georg vite mykje om faren, ikkje minst om jakta hans på ei jente han kallar Appelsinpiken. Georg skjønner til slutt kven denne Appelsinpiken er, korleis ho kjenner faren til Georg og kvifor ho alltid ber på ein pose med appelsinar.

I tillegg til å fortelje om Appelsinpiken, spør faren Georg om noko Georg er svært interessert i, nemleg verdsrommet og Hubble-teleskopet. Men korleis kunne faren vite at Georg ein gong skulle bli interessert i astronomi? Det lurer Georg veldig på. Og så er det eit spørsmål som faren gjerne vil stille Georg: det aller viktigaste spørsmålet.

Det er to forteljarar i Appelsinpiken, Georg og Jan Olav. Jan Olav fortel om fortida, mens Georg kjem med tankane og refleksjonane sine frå notida. Forteljingane utgjer ein heilskap utover tid og stad.

Eg synest at Appelsinpiken er ei trist, men også vermande historie. Ho er derimot litt kjedeleg i lengda. Det er mange gjentakingar, og skildringane er litt langdryge. Det som også er litt uvant og av og til noko irriterande, er at boka ikkje er delt opp i kapittel. Det kan vere kjekt med kvilepausar i ei bok. Men trass i desse innvendingane er dette ei bok som er verd å ta seg tid til å lese, og eg tilrår ho for dei som verkeleg likar å lese enkle historier med djup meining.

Vurdering: over medels

Lærarkommentar

Norsklærar Arne Olav Nygard har laga ei kort vurdering av teksten. Språket er kommentert særskilt fordi eleven har skrive teksten på sidemålet sitt.

Oppbygging og innhald

  • Teksten er godt oppbygd og delt opp i logiske avsnitt.
  • Han har ei innleiing som greier å tematisere bokmeldinga i tillegg til å skape lyst til å lese meir.
  • Bokmeldinga greier òg å antyde handlinga utan å avsløre for mykje, og dei subjektive kommentarane til slutt verkar balanserte og relevante.
  • Ei innvending kan vere at eleven kan gjere meir av ei slik bokmelding - her er element som ein fint kan ta med i ei bokmelding, men som eleven ikkje skriv om (miljø, aktualisering, karakterar med meir).
  • Teksten kan i lys av dette sjåast på som litt i knappaste laget. Men dette må i så fall vurderast ut frå oppgåveformuleringa og rammene læraren set.

Språk

  • Språket i denne teksten er jamt over svært godt, og ført i ein nøktern stil. Eleven held seg i eit aktivt språk i tråd med nynorske skriftspråkideal. Her er god samanheng mellom dei ulike setningane og avsnitta, det finst få uklåre tilvisingar og upresise setningar.
  • To unnatak:

    "Eg synest at Appelsinpiken er ei trist, men også vermande historie. Ho er derimot litt kjedeleg i lengda."

    Ordet "derimot" signaliserer ein sterk motsetnad. Men kva står "kjedeleg" i motsetnad til? Det motsette av "trist" er "glad", ikkje "kjedeleg". Eleven burde ha bytt ut "derimot" med eit ord som gir betre logisk samanheng. Det er fullt mogleg at ei historie er både trist, vermande og litt kjedeleg nokre gonger.

    " Forteljingane utgjer ein heilskap utover tid og stad."

    Denne setninga kunne ha vore formulert tydelegare. Ho bør heller ikkje bli ståande utan utdjuping: Kva slags heilskap er det eleven har i tankane?

Elles er her få språklege feil og jamt over god nynorsk, både på ord- og setningsplan. Vurdering: over medels

Spørsmål

  1. Dersom disse tekstene hadde stått i en avis, måtte de hatt en poengtert overskrift som sammenfatter anmelderens syn på boka. Lag overskriftene!
  2. Hva vil du si er den sterkeste siden ved Thereses tekst?
  3. Og hva er den sterkeste siden ved Joakims tekst?
  4. Begge elevene har valgt å ta med et sitat fra boka i innledningen.
    a) Har de klart å velge et avsnitt fra boka som sier noe spesielt viktig?
    b) Har de utdypet og forklart sitatet tilstrekkelig?
  5. Hvilken av de to tekstene hadde fungert best i en dagsavis? Og hvilken av de to hadde vært det beste valget i et tidsskrift for litteratur? Grunngi svaret.