Fagstoff

Om nynorskkurset

Publisert: 12.10.2009, Oppdatert: 03.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
Minibilde av e-forelesningE-forelesningane gir ein kort og lettfatteleg gjennomgang av det viktigaste du må hugse om nynorsk grammatikk og språkbruk.

Repetér det viktigaste

Treng du å repetere nynorsk grammatikk? E-forelesningane i dette kapitlet hjelper deg å friske opp kunnskapane dine. Her fokuserer vi på det som skil bokmål frå nynorsk, og som derfor er viktig å hugse for ein som til vanleg skriv bokmål.

I slutten av kvar e-forelesning finn du korte, interaktive oppgåver slik at du kan kontrollere at du har fått med deg det som er viktig.

Meir nynorsk-trening

Treng du meir repetisjon, kan du gå inn på nettsidene til Språkrådet. Her finn du Språkrådet - nynorskkurs, som er litt meir omfattande og inneheld mange interaktive øvingar.