Litterær tekst

Få meg på, for faen (utdrag)

Publisert: 07.01.2014, Oppdatert: 13.01.2014
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

Meiningsmålingsmannen gir kona til Sebjørn noko å tenke på

(Frå boka FÅ MEG PÅ FOR FAEN, Samlaget 2005)

 

Ein torsdagskveld då dei sat og såg eit program om den norske kongefamilien, ringte det ein meiningsmålingsmann til familien til Sebjørn. Sebjørn tok telefonen, og ettersom meingsmålingsmannen ville snakke med den over atten år i familien som sist hadde bursdag, gav han røret til kona si, som fylte førtifire år veka før.

  - Kven er det, kviskra ho då Sebjørn strekte seg over stovebordet med den berbare telefonen.
  - Ein meiningsmålingsmann, kviskra Sebjørn, og ansiktet til kona blei til ein grimase.
  - Kunne du ikkje sagt at eg ikkje var heime? kviskra ho, og Sebjørn svarte litt surt:
  - Ja, no er det for seint, du får seie det sjølv.
  Kona tok telefonen og sa:
  - Ja, hallo, kor lang tid tar dette?
  - Det vil berre ta 30 sekund, sa meiningsmålingsmannen, og då syntes kona til Sebjørn at det var greitt.
  - Skal vi sette i gang? spurte meiningsmålingsmannen.
  - Ja! sa kona til Sebjørn kjekt.
  - Kven i kongefamilien likar du best? spurte meiningsmålingsmannen,
  - kven av dei ville du stemt på viss ei eller ein av dei skulle bli valt til statsoverhovud?
  - Ehm, sa kona til Sebjørn. - Vent litt, sa kona til Sebjørn, og så reiste ho seg frå sofaen og ålte seg forbi to av døtrene. Ho gjekk ut på kjøkkenet medan ho sa:
  - Vent litt, eh, vent litt, og då ho var inne på kjøkkenet, lukka ho døra etter seg og kviskra:
  - Eg ville ha stemt blankt. Eller kanskje eg ville ha skrive eit anna navn på lappen.
  - Jaha, jaha. Kva for styringsform meiner du Noreg bør ha?
  - Republikk, sa ho, litt fastare og med litt høgare stemme, men då ho skulle til å seie
- nei, eg veit forresten ikkje heilt, sa meiningsmålingsmannen:
  - Takk skal du ha, og la på.


Kona til Sebjørn blei ståande med røret i handa. Ho syntest det var rart at meiningsmålingsmannen hadde lagt på utan å reagere på denne overraskande opplysninga. Ho hadde også fått lyst til å bli spurt om kven sitt navn ho ville ha skrive på lappen. Ho ville ikkje ha hatt noko svar parat, men ho ville ha funne seg i at samtala tok lengre tid enn tretti sekund dersom ho fekk diskutere med meiningsmålingsmannen for å finne ut kven ho ville ha skrive på lappen.

 

Men så tenkte ho: Eg gjekk ut på kjøkkenet og lukka døra etter meg, dei har skjønt at det er noko muffens. Ho opna døra på gløtt og kika inn gjennom gangen og vidare inn på stova for å sjå om det var nokon som hadde reagert. Dei kjem til å spørje kva eg snakka om, og då må eg forklare meg. Ho såg berre toppen av hovudet til Sebjørn frå der ho stod, så ho stiltra seg inn i gangen og blei ståande og sjå derifrå. Ho såg alle saman: Dei såg ut som om dei var oppslukte av fjernsynsprogrammet. Kona til Sebjørn tenkte:
  - Dei la ikkje merke til at eg gjekk ut. Ho fekk tårer i auga.
  - Eg er ei tradisjonell mor, tenkte ho, - eg er tilsett av familien, utan lønn, og gjer alt husarbeidet, og utøver all omsorga, og lagar all maten, men får eg takk nokon gong? Nei! Eg gjer ikkje det, dei tar meg for gitt. Dei sit og ser på fjernsyn! Dei sit og ser på Märtha Louise, i eit artig klipp frå byrjinga av 2000-talet, der ho skryter av at ho klarte å narre pressa med kjolen sin då ho fylte tretti:
  - De trudde det var terningen med seks prikkar som symboliserte Ari, seier Märtha, og fniser entusiastisk.
  - Men det var ikkje det, held ho fram og tar ein kunstpause.
  - Det var biljardkula bakpå kjolen som symboliserte Ari, terningen symboliserte meg sjølv, ettersom eg har fått så mykje ros i pressa i det siste. HAHAHAHAHAHAHAHAHA HAHAHA! Der gjekk de fem på!


Då reiste Sebjørn seg frå stolen og kom ut i gangen for å gi kona si eit kyss. Nei, det skjedde ikkje. Han såg på prinsessa med eit vantru blikk, før han snudde seg og såg på kona si.
  - Kva ville meiningsmålingsmannen? spurte Sebjørn.
  - Ingenting, svarte kona fort.
  - Ingenting? spurte Sebjørn
  - Han ville vite kva vi hadde ete til middag, så eg gjekk ut på kjøkkenet for å prøve å hugse kva det var vi sat her og åt.
  Sebjørn såg rart på kona si.
  - Hugsa du ikkje at vi hadde fiskepinnar?
  - Nei! sa kona.
  - Kunne du ikkje berre ha spurt oss? spurte Sebjørn
  - Kunne ikkje han berre ha spurt deg, sa kona fort, til kva Sebjørn gapte forferda før han riste på hovudet og slo ut med hendene for å signalisere at han gav opp eller at han toa sine hender. Ho tenkte:
  - Typisk Sebjørn å forlange at eg skal spørje han før eg svarar på noko.


Her har vi problemet, tenkte ho då ho fire netter seinare låg ved sida av Sebjørn i senga og ikkje sov for fjerde natt på rad. Eg er kua. Han er oksen. Vi har berre kviger. DIFOR er det EG som må ta hand om det meste av omsorga. Sebjørn skjøner jo ikkje korleis vesenet til jenter er. DIFOR er det han som går i butikken, og er der dagen lang. Mens EG, EEG!


Kona til Sebjørn var oppøst der ho låg. Ho sparka Sebjørn i låret.
  - Og kvifor heiter eg liksom berre "kona til Sebjørn?"


Då reiste Sebjørn seg opp i senga og sa:
  - Trur du det er så lett for MEG då? Eg som berre veks opp mellom kvinner? Nei, det skjedde ikkje, men kona til Sebjørn tenkte det sjølv, og ho kviskra til Sebjørn:
  - Nei, det trur eg ikkje er så lett.


Ho fekk ikkje sove då heller. Ho låg og vrei seg. Ho stod opp og gjekk forsiktig forbi dørene til døtrene, men ho klarte ikkje å oppretthalde redsla for å vekke dei, ho kunne då ikkje halde på slik! Det var då det same for henne! Ho slutta å liste seg, no gjekk ho vanleg. Ho snudde i enden av gangen og trampa heile vegen tilbake. Ho hadde klump i halsen. Åtte ungar. Åtte ungar! Kven er det som får åtte ungar? Eg, eeg. Ho peika på seg sjølv. EG har åtte ungar. Kona til Sebjørn gjekk resolutt inn på soverommet igjen, men då ho først var innkommen, let ho vere å vekkje Sebjørn, det verka teit å vekke han for å spørje har du åtte ungar? Sebjørn? har du det? har du? der ho stod midt i det mørke soveluktande rommet, så ho gjekk berre og opna vindauget. Då ho stod der i nattkjolen og kjente det kalde gufset frå haustvinden svi i huda, lukka ho auga og tenkte: Berre svi, berre svi! Det verkte bak augeloka, det var klump i halsen, men det kom ingen tårer, og ho tenkte: I dei toogtjue åra vi har vore gifte.


Neste dag blei kona til Sebjørn liggande frampå. Sebjørn stod opp klokka sju, og han prøvde å vekke henne, men ho berre grynta og snudde ryggen til han på ein sint måte, og då blei Sebjørn overraska, men så tenkte han at ho kanskje ikkje sov så godt for tida, og ho hadde jo ingen jobb å gå til (og-det-synest-eg-er-leit, tenkte Sebjørn stakkato), og det hadde ho aldri hatt, men Sebjørn likte best at ho stod tidleg opp og ikkje låg frampå uansett, for det var ikkje sunt å sove dagen lang. Ja, ikkje at han mistenkte at ho låg så lenge frampå at det kunne kallast å sove dagen lang, ja, kva visste forresten han? Kanskje ho brukte å gå og legge seg igjen etter at ho hadde stått opp saman med han? Han hadde vore på badet, og han kom inn på soverommet for å vekke henne ein gong til. Han sa namnet hennar. Han sa det ein gong til, litt høgare og sintare.


- Kona til Sebjørn! sa han, og då reiste ho seg opp i senga, hytta med peikefingeren og kvesste i:
  - Du skal passe deg! No skal du faen meg passe deg!
  Ein forferda Sebjørn gjekk ut på kjøkkenet og åt frukost. Då han hadde ete, gjekk han inn igjen på soverommet. Han brølte:
  - KVEN ER DET SOM FØR PÅ DEG OG DEI ÅTTE UNGANE DINE?
  Kona til Sebjørn reiste seg opp i sittande stilling og svarte:
  - KVEN ER DET SOM HAR OMSORG FOR DEG OG DEI ÅTTE UNGANE DINE?
  - DET EG GJER ER VIKTIGARE ENN DET DU GJER! sa dei i kor.