Litterær tekst

Sveve over vatna kapittel 32

Publisert: 04.12.2013, Oppdatert: 05.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

Portrett av Ragnar HovlandRagnar Hovland (1952 - ) 

Ragnar Hovland

Norsk forfattar og oversetjar.

 

Hovland skriv bøker for både barn og vaksne.

 

Dette tekstutdraget er henta frå romanen Sveve over vatna (1982).

 

Du kan lese heile boka i den digitale Bokhylla til Nasjonalbiblioteket.

Sveve over vatna 

 

AMARCORD

Det var ei rar kjensle å gå i filmklubben saman med ei som ikkje heitte Elise. Men det var ei kjensle som blei betre og betre for kvart steg gjennom snøen.
 Siste førestelling før jul og Fellinis Amarcord.
 Sandra dansa ved sida mi og eg dansa ved sida hennar, og der låg Engen kino klar til å lette, han ville berre ha oss ombord først.
 - Har du sett den før? spurde Sandra
 - Ja, sa eg. - To gonger. For min del kunne dei vise Amarcord kvar veke og vere sikra minst ein tilskuar.
 - Du er enda gærnere enn jeg trudde. Ho såg imponert på meg. - Du er rein fanatiker, du jo.
 Eg stilte meg opp, og fekk billettane våre ved å betale fem kroner for kvar.
 - Ahhhh, høyrde eg ei stemme som det ikkje finst to av her i verda. Kva det finst på andre klodar interesserer meg ikkje.
 - Er det dette som er damen? spurde Munk.
 Sandra såg halvvegs forskremt på han. Munk likna på ei slags blanding av Vestlandsfanden og Oliver Hardy. I handa heldt han ein plastberepose der det låg eit stort stykke frosenfisk som no var begynt å tine. Munk slengde med plastposen så fiskevatnet skvatt.
 - Hei, gi faen med det der,da! ropte nokon.
 Munk rekte ut handa.
 - Goddag Sandra, sa han, - og Guds dyrebare velsigning over samværet. Eg er Fader Munk, og eg skal banne på at du har høyrt om meg. Alt du har høyrt er sant, og enno har du berre høyrt ein brøkdel. Og har du åndelege problem av nokon art, så er eg mannen å oppsøke.
 - Goddag, Munk, sa Sandra. - Jeg har hørt om deg.
 - Ho har høyrt om meg, sa Munk til meg. - Ho har høyrt om meg.
 - Det har vi alle, Munk, sa eg.
 - Eg har med meg fisk, sa Munk. - Men det er skjedd ein tragedie med han, han er begynt å smelte. Berre sjå her.
 Sandra og eg kikka i posen til Munk. Fisken låg i ei slags sørpe og lukta fisk.
 - Eg skulle hatt meg ein hjelle, slik at eg kunne få tørka fisken min, sa Munk. - Trur de det finst nokon slik hjelle på kinoen her?
 - Vanskeleg å sei, sa eg. - Vi får gå inn og sjå.
 - Eg er glad for å sjå dykk, menneske, ropte Munk. Han prøvde å omfamne oss begge to på ein gong. Han var utruleg ubarbert og lukta gammal fyll. Eg fekk fiskevatn nedover føtene, men sa ingenting. Eg var eigentleg glad for å sjå Munk også, men det sa eg heller ikkje.
 Inne i salen sat det alt tjukt av alle slags studentar og slike ting. Men nokon hjelle var ikkje å sjå. Eg kjende at Sandra heldt meg hardt i handa.
 Vi fann oss tre ledige plassar på 23. rad. Munk såg seg misnøgd rundt, og deretter såg han mørkt på fisken sin. Han for brått opp og brølte: - Forbanna helvetes amerikaniserte kinoar der det ikkje finst så mykje som ein jævla hjelle der eg kan få tørke fisken min!
Folk klappa og huia.
 - Kossen skal det no gå med fisken min? ropte Munk. - Foreldrelaus og forlatt av alle som han er. Er det nokon som vil ta seg av han så lenge filmen varer?
 Folk rundt oss lo, men ingen meldte seg.
 Munk sette seg ned att og plasserte fisken mellom føtene sine.
 - Det var dagens show, sa han. - Eg må liksom halde meg frampå. Det blir annleis etter revolusjonen. Då blir det ikkje så mykje behov for slikt.
 - Neinei, sa eg.
 Sandra berre stirte på Munk.
 - No skal filmen begynne, sa Munk. - Klokka er halv tre. Kan ikkje desse helvetes utdritne etternølarane sjå til å pakke seg inn?
 Munk lente seg tilbake i setet sitt og klappa seg på låra.
 - Det er ein av verdens beste filmar, sa han. - Men eg kan fortelje dykk noko som de ikkje visste frå før. Jau, kanskje Sandra.
 Han såg på oss som han venta nærmare oppmoding.
 - Ja gjer det, sa eg.
 - Eg var regiassistent på denne filmen.
 - På Amarcord? sa eg.
 - Fakta faen. Eg var nett i Italia då, og eg kjente Fellini litt frå før.    Så blei eg med.
 - Meiner du vi skal tru dette? sa eg.
 - Berre vent til fortekstane kjem. Der står namnet mitt.
 Lyset blei sløkt og vi pusta ut. På lerretet begynte det å bevege seg. Eg kjente handa til Sandra som leitte seg oppover venstre låret mitt og la seg til ro midt i skrittet.
 Fellini begynte å fortelje.

Vi kunne ikkje seie noko etter ein slik film. Vi berre stod der med augene halvt igjen.
 Så kunne Munk seie noko.
 - No blir de med bort til meg, sa han. - Eg har fisk og eg har vin, og kva meir treng de på ein laurdagskveld?
 Sandra og eg hadde planlagt å halde oss i ro på laurdagskvelden. Oppe hos henne. Men Munk såg ut som han trong nokon. Eg såg kort på Sandra.
 - Vi blir med deg, sa eg. - Men berre ei lita stund.
- Jadå, jadå, sa Munk. - Eg skal ikkje vere klengete. Eg veit då kva som er det einaste de har i tankane.

- Slik, sa Munk og kasta seg ned på madrassen sin. - Set dykk på divanen. Det blir ikkje psykoanalysert nokon der i kveld.
 Vi sette oss.
 - Det der, Sandra, det er sykkelen min, sa Munk.
 Sandra nikka.
 - Eg skal slenge fisken i gryta og hente inn vinen, sa Munk. - De kan lese gamle Donald så lenge. Det andre forstår de ikkje noko av. Fy faen så blaut han er, denne fisken. Skulle tru han hadde pissa seg ut.
 Sandra stirte på meg med oppspilte auge.
 - Han er verre enn jeg hadde trudd, gitt.
 - Du har ikkje sett stort av han enno. Men eg lovar at vi ikkje skal bli for lenge.
 - Vi kan da bli ei stund. Det kan bli interessant å se hvor langt det kan gå. Jeg trur han er noe av det sterkeste jeg har opplevd.
Eg kjende meg nesten litt stolt over at eg kjende Munk.
Der var han att, med tre flasker av den vanlege.
 - Det tok tid, sa Munk. - Eg måtte først dra ut papillottane or håret hans, men no er han straks på koken. Han er blitt roleg og mild no, som om det aldri har vore noko vondt i han. Det var no bra han fekk med seg ei stor oppleving før han vandra, fekk sjå Amarcord. Akk ja, sann. Skal vi smake litt på vinen til onkel Munk?
 - Kossen gjekk det med festen i sentralkomiteen? spurde eg etter å ha drukke første slurken og skålt inni meg for Sandra.
 - Å fy faen og jevlar i havet, sa Munk. - Unnskyld at eg er så grov i kjeften, Sandra. Eg hadde ein vanskeleg oppvekst. Det er jaggu meg siste gongen eg inviterer dei på fest. Eg skulle heller ha invitert deg likevel. Dei hadde ein heil gjeng med damer med seg, av verste slag. Så eg måtte vere moralsk og fortelje dei at huset mitt ikkje var noko horehus, og hive dei ut då det lei på litt. Eg bad dei og ta ein sviande sjølvkritikk på dette og gav dei klar beskjed om at saka ville bli tatt opp på neste partileiarmøte. Faen og, det er i slike stunder eg tenkjer at utreinskingane til Stalin kanskje hadde noko føre seg likevel.
 Eg smilte sympatiserande. Sandra også, endå ho ikkje var så heilt med på kva det dreide seg om.
 - Nei, eg trur nesten eg har slått inn på ei litt feil linje. Eg har hatt det tvilsame utgangspunktet at mennesket er godt. Idealistisk og bortimot faenivoldsk reaksjonært har eg tenkt. Så eg må ha meg ein saftig sjølvkritikk eg og. Helst burde eg piske meg til blods i ei kald og naken celle. De veit ikkje om ei som er ledig, vel?    Forresten bra vin dette her. Kva skal vi kjøpe dyre merke etter, når den vanlege raude likevel er best? Eg treng folk eg kan stole på. Difor var det eg kom til å tenkje på dykk to harepusane. Det kan sikkert seiast jævlig masse dårleg om dokker, men eg ville mykje heller stole på dykk enn på dei sekkene i sentralkomiteen. Å faen! Fisken kokar over!
 Munk sette ut på kjøkenet der det var eitt eller anna som freste.
 - Vi er ikkje ferdige med han enno, sa Munk. - Han ville faen meg ut av gryta og bykse i synet på meg. Men no har eg fått dytta han under loket att. Verste fisken eg har vore borti. Antakeleg blir det ikkje fred her før eg får banka ein stake gjennom hjartet hans.
 - Hva slags fisk er det da? spurde Sandra.
 - No rører vi ved nøkkelen til alt, sa Munk. - Eg veit faktisk ikkje kva slags fisk det er. Det er ein mystisk og sjelden fisk som ein berre finn omtala i gamle skrifter.
 - Du snakka om sentralkomiteen, sa eg.
 - Gjorde eg det? Kva hadde eg å sei om sentralkomiteen, då? Lite godt kan eg tenkje meg. Men eg vil gjerne ha dykk to med der. Så kan vi hive ut eit par andre. Regn eller snø, kommunismen skal fram!
 - Eg trudde eg var medlem alt, sa eg.
 Munk såg kvasst på meg.
 - Du er kanskje det, sa han. - Eg trudde du var ekskludert. Men du, Sandra vil eg gjerne ha med. Det vi framfor alt treng er kvinner.
 Eg tok Sandra i handa.
 - Jeg veit faan ikke hva du snakker om en gang, jeg, sa Sandra.
 - Det gjer ingenting, sa Munk. - Eg veit det knapt sjølv. Hovudsaka er at det blir snakka. Og eg er utpeikt av Gud til å gjere det.

(Tekstutdrag: Kapittel 32 i romanen Sveve over vatna av Ragnar Hovland, utgitt på Samlaget i 1982. Tekstutdraget må ikkje bearbeidast, eller publiserast i papirformat).