Litterær tekst

Sveve over vatna kapittel 5

Publisert: 04.12.2013, Oppdatert: 05.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

Portrett av Ragnar HovlandRagnar Hovland (1952 - ) 

Ragnar Hovland

Norsk forfattar og oversetjar.

 

Hovland skriv bøker for både barn og vaksne.

 

Dette tekstutdraget er henta frå romanen Sveve over vatna (1982).

 

Du kan lese heile boka i den digitale Bokhylla til Nasjonalbiblioteket.

Sveve over vatna 

BIBELEN

Far min følgde meg på bussen. Det var grytidleg om morgonen, vi gjekk attmed kvarandre og tagde heilt til vi nådde busstoppskiltet.
 - Ja ja, far, sa eg. - Så var vi så langt.
 Far min hadde bore eine kofferten. No sette han han frå seg.
 -Ja ja, vi får håpe at det ikkje blir noko særleg med regn. Det ser stygt ut, men.
 - Litt regn tåler vi vel, sa eg. - Vi har no tålt det før.
 Far min såg litt gammal ut. Eg hadde ikkje studert han så nøye på ei stund. Eg hadde berre teke han for gitt. No var han blitt gammal utan at eg hadde merka det. Litt trist såg han og ut der han stod med den grå hua på seg, og den gråblå gabardinfrakken han hadde brukt i alle år.
 - Eg tykkjer eg høyrer bussen, sa han. - Du får no vere varsam.
 - Ja, sa eg. - Eg skal gjere mitt beste.
 - Og så får vi tru at du klarar deg der inne.
 - Du kjenner då meg.
 - Ja ja, du veit korleis det er, det er ikkje så lett alltid når ein er vekke slik. Eg minnest den vinteren eg var på jordbruksskulen.
 - Eg skal no ringe om det skulle vere noko, sa eg.
 - Ja du får gjere det. Du får gjere det, ja.
 Vi såg på kvarandre ein siste gong. Vi var nok eigentleg glade i kvarandre, men ikkje kul i havet om vi ville få oss til å seie det. Eg kunne også sjå noko anna i blikket til far min. Han trudde på meg. Og han ville det skulle gå meg godt. Han var ein bra type.
Der var den raude morgonbussen. Vi trykte kvarandre i handa.
 - Eg har lagt bibelen din øvst i kofferten, sa far min.
 - Koffor noko? Å bibelen, ja. Det er bra, det.
 - Så får du leva vel.
 - Takk det same. Du får passe på det som er her, så det ikkje forsvinn medan eg er vekke.

(Tekstutdrag: Kapittel 5 i romanen Sveve over vatna av Ragnar Hovland, utgitt på Samlaget i 1982. Tekstutdraget må ikkje bearbeidast, eller publiserast i papirformat).