Litterær tekst

Sveve over vatna kapittel 3

Publisert: 04.12.2013
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

Portrett av Ragnar HovlandRagnar Hovland (1952 - ) 

Ragnar Hovland

Norsk forfattar og oversetjar.

 

Hovland skriv bøker for både barn og vaksne.

 

Dette tekstutdraget er henta frå romanen Sveve over vatna (1982).

 

Du kan lese heile boka i den digitale Bokhylla til Nasjonalbiblioteket.

Sveve over vatna 

EIN FLOKK KATTAR

Dette at eg skulle dra til Bergen om hausten var ikkje noko som datt i meg då. Det hadde sveva litt rundt i bakhovudet mitt gjennom heile sommaren. Men no begynte det å daske og romstere nokså høglydt inni der.
 Eg måtte nesten gjere noko no. Det hadde liksom ikkje vore noko tak i meg etter at eg slutta på gymnaset. Eg hadde jobba på sildoljen eit års tid, til det lukta slik av meg at ei skrei med kattar følgde meg kor eg for, og eg begynte så smått å kjenne meg som den store kattefangaren frå Hameln. Det som redda meg før ryktet mitt blei heilt øydelagt (det var enno ein bete igjen), var at dei la ned heile sildoljen. Tillitsmannen blei kalt inn på kontoret og fekk beskjed: Dei skulle leggje ned denne fabrikken som ikkje lenger lønte seg. Det ville vel ikkje vere vanskeleg for oss å finne anna arbeid?
 Eg drog heim og tok meg eit grundig bad med tallause innsåpingar. Men tru ikkje at det hjelpte slik med ein gong. Sjølv om lukta på det nærmaste var vekke, så følgde kattane etter meg like forbanna, berre av gammal vane. Eg måtte vere lett å kjenne att. Dei såg antakeleg på meg som ein slags åndeleg leiar, som skulle føre dei tørrskodde gjennom øydemarka.
Men eg hadde tross alt større ambisjonar enn å vere katteleiar, om dei var aldri så mange. Det tykte eg nesten dei måtte forstå. Og heldigvis, ein dag var det visst ein og annan av dei som begynte å spørje seg sjølv kvifor i heitaste dei eigentleg følgde etter denne fyren slik dag etter dag. Det var då ikkje slik sjarme over han likevel.
 Slik fall dei i frå litt etter litt, skrøpelege i kjødet som dei var. Kanskje fann dei ein annan som kunne vise dei vegen.
Til slutt var det berre ein liten jævel att, som ikkje ville gi meg opp. Det var ei trufast og svart lita sjel med litt kvitt på frampotane. Det var ein som var sterk i trua, det. Enden på det heile blei at eg sende han i ein kasse til tanta mi i Høyanger. Eg bad henne ta godt vare på han og gi han nok mjølk. Slik blei eg endeleg ein fri mann igjen.
 Heldigvis var kattane forsvunne i god tid før jenta dukka opp.
Men no var altså ho gått same vegen, og Bergen stod for tur. Det var ein fyr som hadde sagt til meg: Kvifor begynner du ikkje på universitetet? Der kan du gå i år etter år og likevel ikkje bli til noko når du er ferdig.
 Det var det som gjorde utslaget for meg. Eg måtte finne på noko å gjere, det var greit, men bli til noko ville eg ikkje. Eg var ein type full av sjølvrespekt.

Dei gamle og grå foreldra mine, som hadde drive og sett skeivt og rart på meg i dei seinare tidene, hadde no blomstra opp litt. Dei lukta at eg skulle til Bergen, endå eg ikkje hadde sagt eit ord. Det låg vel i lufta. Og dei kom stadig med små hint, slik at eg ikkje skulle vike av frå rette vegen i siste augneblink. Det kunne vere slikt som at det tilfeldigvis låg eit kart over Bergen på bordet når eg sette meg ned for å ete fiskegratengen min til middag, eller far min kunne stå ein morgon og kike på veret og seie: - Det skulle vere rart å vite korleis veret er i Bergen for tida.
 - Det er vel omtrent som her, sa eg.
 - Å, det kan vere store skilnader på Bergen og her inne.
 - Du er sikker på at det er Bergen du meiner og ikkje Tokyo? sa eg.
 Han fekk ta seg ein bolle han og.
 Då vi rann inn i siste veka av august, sa eg: - Eg blir antakeleg i Bergen denne hausten.
 Dei lest som dei var overraska.
 - Til Bergen, seier du? sa far min. - Vil du no klare det då?
 - Ja skal du til Bergen så må du ha med deg paraply og støvlar, sa mor mi.
 - Det er hol i støvlane mine, sa eg lurt.

(Tekstutdrag: Kapittel 3 i romanen Sveve over vatna av Ragnar Hovland, utgitt på Samlaget i 1982. Tekstutdraget må ikkje bearbeidast, eller publiserast i papirformat).