Litterær tekst

Sveve over vatna kapittel 1

Publisert: 04.12.2013
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

Portrett av Ragnar HovlandRagnar Hovland  (1952 - )

Ragnar Hovland

Norsk forfattar og oversetjar.

 

Hovland skriv bøker for både barn og vaksne.

 

Dette tekstutdraget er henta frå romanen Sveve over vatna (1982).

 

Du kan lese heile boka i den digitale Bokhylla til Nasjonalbiblioteket.

Sveve over vatna 

PENNIES FROM HEAVEN

Den raude bussen glefste ikkje etter folk. Den kom farande stillferdig, på ein skyete, lodden dag på grensa mellom sommar og haust, for å setje meg av i denne byen. Her skulle eg slå meg ned. For ei stund i alle fall.
 Det hadde begynt å regne då eg steig av bussen med koffertane mine, og det var ein tjukk og svart strek i rekninga, for eg hadde bra klede på meg. I alle fall var ikkje skjorta så verst. Buksa var nok litt slitt på knea.
 Bussjåføren kom ut etter meg, sidan eg var den siste fortapte sjela som steig av her på busstasjonen i Bergen. Eg såg opp på det grå regnet som sildra nedover oss. Så det var slik det såg ut.
 - Ja ja, her er Bergen, sa bussjåføren. I tilfelle eg skulle ha vore i tvil. Han stod bak meg med ein sneip i kjeften. No hadde han lov til å tenne han.
 - Er det pennies from heaven det regnar her, eller er det noko anna? spurde eg, for å vise at eg var no på høgde med kva som helst, sjølv om eg kom ute frå bygdene og var av småbrukarslekt.
 - Det er vel vanleg regn, veit eg, sa bussjåføren. Han såg opp, som om han likevel måtte forsikre seg om at det var det det var, og ikkje det som eg sa.
 Eg tok ein koffert i kvar hand, steig ut i byen og venta meg det verste.

(Tekstutdrag: Kapittel 1 i romanen Sveve over vatna av Ragnar Hovland, utgitt på Samlaget i 1982. Tekstutdraget må ikkje bearbeidast, eller publiserast i papirformat).