Hopp til innhold

Fagstoff

Behovsteori

Her skal vi sjå på korleis ulike behov påverkar val av reiselivsprodukt. Som servicemedarbeidar treng vi innsikt i behov som psykologisk omgrep, teoriar og klassifisering av behov.

No har eg behov for ferie

Kanskje har du høyrt far eller mor seie: «Å, eg er så sliten. No har eg verkeleg behov for ferie.»

Menneske har ulike behov som må dekkjast for at vi skal leve og trivast. Vi kan til dømes vere tørste og svoltne, eller vi kan kjenne oss utrygge. Behova varierer frå individ til individ og frå situasjon til situasjon. I samband med ferie kan det vere fest og moro, natur- og kulturopplevingar, fred og ro, sol og varme, fysiske aktivitetar, personleg vekst og utvikling, samvær med familie og venner.

Ferievanar kan blant anna forklarast med grunnleg

Maslows behovsteori

Behovspyramiden til den amerikanske psykologen Abraham Maslow blir ofte brukt som grunnlag for å forstå kva ulike behov kan tyde i samband med ferie.

Ein enklare behovsteori

Amerikanaren Clayton Alderfer forenkla behovsteorien til Maslow. Han meiner at vi berre har tre grunnleggjande behov:

  • Eksistensbehov er knytte til overleving og svarer til fysiologiske behov og tryggleiksbehov hos Maslow.
  • Relasjonsbehov dreier seg om sosial tilknyting, vennskap og gode relasjonar og svarer til sosiale behov hos Maslow.
  • Vekstbehov er knytte til personleg utvikling og svarer til behov for sjølvrealisering hos Maslow.

Modellen til Alderfer heiter ERG etter forbokstavane i dei engelske nemningane (Existence, Relatedness, Growth).

Både Maslow og Alderfer poengeter at fleire behov kan vere aktive samtidig. Vi kan til dømes sjå for oss å dekkje fysiologiske og sosiale behov ved å samle gode venner til eit godt måltid.

CC BY-SASkrevet av Kjell Rosland. Rettighetshavere: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist faglig oppdatert 17.01.2019

Læringsressurser

Behov og ønsker