Content tagged with pianostemmer:
Pianostemmaren reparerer, regulerer og utfører stemming av piano og flygel. Eit klaver består av mellom 10.000 og 12.000 ulike enkeltdelar i tre, filt, skinn, jern og andre materialar. Pianostemmaren må derfor ha gode materialkunnskapar for å velje og bruke materialar på ein korrekt måte. Pianostemmaren må også oppøve godt lag med fingrane, vere tolmodig, nøyaktig og ha teknisk sans.
I mars 2010 drog vi til Rud vgs i Bærum. Her, like utanfor Sandvika, ligg den einaste linja i landet for utdanning av pianostemmarar. Vi møtte faglærar Tore Leinebø, som sjølv i si tid fekk utdanninga si ved Rud vgs, og Øystein Røisi, som i dag går i sitt andre år på pianostemmar- og -teknikklinja som einaste elev.
